Bøherad med Lifjell

Bøherad med Lifjell

Gygrestolen

Gygrestolen

Lifjell sett fra Breisås

Lifjell sett fra Breisås

Bø Rotary bidrar til at beboere på Bø Sjukeheim får se ny utsikt

Bø Rotary bidrar til at beboere på Bø Sjukeheim får se ny utsikt

Høy trivselsfaktor

Høy trivselsfaktor

Hvert 4. eple i Norge blir dyrket i Sauherad

Hvert 4. eple i Norge blir dyrket i Sauherad

Møteinformasjon

Møtested: Bø Hotell
Adresse: Gullbringvegen 32
Sted: 3800 Bø i Telemark
Møtetid: Mandag, 19:30
Møtedetaljer: Link til FB sida: https://www.facebook.com/pages/B%C3%B8-Rotaryklubb/501822026547128?fref=ts

ENKELT Å BIDRA TIL VÅRE FOND
ENKELT Å BIDRA TIL VÅRE FOND TRYKK HER
Rotary wheel

Vertsstaden Midt-Telemark Kommune - Bø og Sauherad


Bø Rotary har fast møtelokale i Bø, men medlemmene kjem frå dei to grannekommunane i Midt-Telemark, Bø og Sauherad. Bø grensar elles til Seljord, Notodden, og Nome. Av eit areal på  266 km² er ca. 11 % dyrka mark. Kommunen er ein vekstkommune og har i fleire år hatt den største folkeauken i Telemark. I dag bur det i underkant av 6.000 menneske i Bø, i tillegg om lag 1700 studentar.


Hovudnæringa har frå gamalt vore jord- og skogbruk. Etter 2. verdskrig har Bø utvikla seg til ei skulebygd. Først med 2-årig statsrealskule, gymnaset kom i 1947, og tjue år seinare Telemark distriktshøgskule. Etter samanslåinga av høgskulane i landet i 1990-åra, kom TDH saman med dei andre høgskulane i fylket til Høgskolen i Telemark. Studiestaden Bø, avdeling for allmenne fag, gjev utdanning innan 60 fag, også to doktorgradsutdanningar. Studentane vert rekrutterte frå heile landet, også frå vel 30 andre land. Handelsnæringa i bygda er betydeleg, likeins turismen. Spesielt kjend er Lifjell med gode turtilbod både vinter- og sommarstid. Også fritidsparken, Bø Sommarland med det allsidige tilbodet med m.a. vassklier, vasstårn og vassbølge, klatreparken Høgt og Lågt,  trekkjer mange turistar til bygda.


I generasjonar har Bø vore kjend som ei kulturbygd. Her skreiv folkeminnesamlaren professor Moltke Moe opp ei mengd folkeeventyr, spesielt i sidedalen Årmotsdalen. Også segn- og songtradisjonen har hatt høg status. Folkemusikken med "Bøheringspelet" har vore med å skape identiteten i bygda, no også symbolisert gjennom kommunevåpenet med 3 hardingfeler på raud botn. Spelemannslaget Bøheringen og Bø juniorspelemannslag er med til å halde spelemannstradisjonane i hevd. Felemakarslekta Helland/Steintjønndalen med 14 generasjonar felemakarar gjennom 200 år har vore med til å gjeve Bø nemninga "Nordens Cremona". I dag husar bygda ein av dei få profesjonelle hardingfelemakarane i landet, likeins fleire av landets beste spelemenn.


Eit allsidig organisasjons- og kulturliv elles kjenneteiknar Bø, og bygda kan varte opp med eit uvanleg rikt kulturtilbod innan  musikk, idrett, revy- og amatørteater. Spesielt kan Bø Filmklubb, idrettslaget Skarpedin, Bø Jazzklubb og den årlege internasjonale folkemusikkfestivalen, Telemarksfestivalen, nemnast. I seinare tid har også fleire kunstgalleri kome til.


Gullbring kulturanlegg frå 1994 med m.a. teatersal, kinosal, handball- og svømmehall har gjeve gode vekstvilkår for det mangslungne kulturlivet. I 2009 vart Bø kommune kåra til landets kulturkommune, likeins fekk Bø kino første pris som mellomstor kino i 2011. I 2014 vann fire bøungdomar "Junior Grand Prix".


Studentkroa, Kroa i Bø, er kjend som ei av dei beste i landet. Med nybygget frå 2014 kan Kroa i Bø by dei mange kjende einskildartistane og banda frå inn- og utland særs gode konsertlokale.

  



 

Klubbens møter

Presidentens kveld. Ved Bente.

2025-03-03 19:30 - 20:30

Reko-ringen. Ved Anja Hjelseth.

2025-03-10 19:30 - 20:30

Presidentens kveld. Ved Bente.

2025-03-31 19:30 - 20:30

Nytt fra Rotary International

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...